Avslutning for 12-åringane

Gutar og jenter fødde i 2005 ei felles avslutning onsdag kveld.

Etter sesongen vart det ei felles avslutning for Hasundgot sine 12-åringar, både gutar og jenter, onsdag kveld.

Først vart det ein innbyrdes kamp, før det vart velfortent pizza og kake på gjengen.

I tillegg vart det utdeling av diplom for gjennomført sesong.

– Ei veldig fin markering av sesongslutt, skriv trenarapparatet til redaksjonen.

Gratulerer til både spelarar, trenarar og oppmenn med ein vel gjennomført sesong!

Bilete frå avslutninga