Grønt lys for kampar for barn og ungdom

Regjeringa har opna for all konkurranse i idrett for barn og ungdom under 20 år.

Det stadfesta kultur- og idrettsminister Abid Raja tysdag ettermiddag, og opphevinga av restriksjonane skjer 1. august 2020.

Det betyr at frå 1. august kan Hasundgot sine aldersbestemte lag, opp til og med juniorlaget, kan spele kampar igjen mot andre lag.

Ei gledeleg nyheit for Hasundgot IL sine unge og lovande fotballspelarar!

Les også: Avdelingsoppsett i ungdomsfotballen 2020

Seniorane må vente

Sjølv om det er strålande nyheiter at barne- og ungdomsfotballen igjen får spele kampar og delta i konkurransar frå august av, må senior herre og senior dame framleis vente på ny avklaring.

Inntil vidare gjeld derfor framleis kravet om éin meters avstand i treningssamanheng.

Det er førebels ikkje kjent når trening med nærkontakt vil vere tillatt for seniorfotball på breiddenivå.