Blytung avslutning på sesongen

SCORA FIRE: Sebastian Kleven scora fire mål mot Hareid 2. Foto: Andreas Bjerknes/Vikebladet

I ein spanande kamp på Eidsåvoll, enda det til slutt med tap mot Vanylven.

Det betyr at Hasundgot er avhengige av hjelp frå andre lag til å sikre opprykket.

Før kampen hadde Hasundgot ei luke på seks poeng til Vanylven, der Vanylven også hadde éin kamp mindre spelt.

Hasundgot fekk derimot ein veldig god start på oppgjeret, og Sebastian M. Kleven tråkla seg gjennom midten før han med litt tur plasserte inn 1-0 for Hasundgot.

Heimelaget på Eidsåvoll svarte derimot med eit langskot litt seinare, og sørgja for at det stod 1-1 halvvegs.

På ei grasbane som såg relativt grøn og fin ut før kampstart, var det ei svært ujamn og vanskeleg bane å spele på – og vart brunare og brunare etter kvart som kampens skreid fram.

Ein måtte likevel berre gjere det beste ut av situasjonen, og etter sidebytet fekk Elias Skeide Rooney plutseleg eit hav av rom å springe i. Angriparen drog av keeper og sende Hasundgot på nytt i leiinga.

Dessverre var kampen ikkje ferdigscora.

Etter Rooneys scoring fekk Vanylven tildelt eit hjørnespark, sjølv om det rett nok var ein Vanylven-spelar som var sist borti ballen før den gjekk ut av sidelinja. Det skulle vise seg å bli kostbart, for på det påfølgjande hjørnesparket var heimelaget først på ballen og det var på nytt 2-2.

Då fekk heimelaget blod på tann. Vanylven fekk god hjelp med eit straffespark ikkje så lenge etter, og frå 11-metersmerket vart det ikkje gjort nokon feil. 3-2 til vertane.

Då gjekk lufta ut av Hasundgot, og etter at eit gjennomspel ikkje vart klarert i sluttminutta enda det med 4-2 til Vanylven.

Det betyr at dei blåkledde frå Eidså kan gå forbi Hasundgot om dei vinn sin siste kamp – men då må dei også vinne med fire mål eller meir.

I tillegg kan også Bergsøys 2.-lag gå opp på tabelltopp, men må då slå både Vanylven og Hødd 3.

Det ligg derfor an til eit svært spanande oppgjer på Havila stadion neste helg, der utfallet av årets sesong kan avgjerast.

KAMPFAKTA

6.-divisjon, avd. 3
Vanylven – Hasundgot 4-2 (1-1)
Eidsåvoll stadion
Ca. 40 tilsk
MÅL: Sebastian Moldskred Kleven 1-0, Elias Skeide Rooney 2-1
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, IL Hødd

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Gustav Pettersen – Sebastian Moldksred Kleven, Nicolai Haddal Molvær, Thomas Gjerde, Ivar Aadland – Cato Veien, Ruben Muren

Innbytarar: Kim Hansen, Iver Saunes, Mats Bigset, Elias Skeide Rooney, Daniel Muren, Jørgen Kleiven