20. oktober 2021

Tidlegare Sæbø-spelar til Hasundgot

Khaled Khaleqi har signert for Hasundgot.

Etter å ha trena med klubben gjennom vinteren og våren, har Hasundgot signert tidlegare Sæbø-spelar Khaled Khaleqi.

20-åringen var sist aktiv for Sæbø i 2018, der han fekk to innhopp. Før tida i Sæbø spelte den offensive spelaren for aldersbestemte lag i Ørsta IL, høvesvis G16 og G19.

Khaled kan bekle fleire av posisjonane oppe i banen, både på ein kant eller i midten. Han er ein rask og arbeidssam spelar, som vil bli eit positivt tilskot i gruppa.

Forhåpentlegvis får vi sjå den nye Hasundgot-spelaren i aksjon i løpet av kalenderåret, om det vert opna for kampaktivitet i breiddefotballen.

Vi ønsker uansett Khaled hjarteleg velkomen til Hasundgot!